Elementproduksjon

Frittbærande dekkekonstruksjonar for moderne bygg

Nyskapande elementproduksjon

Hallingdal Betong AS har utvikla to løysingar for frittbærande dekkekonstruksjonar ved bruk av polybetong, som omfattar både sandwichkonstruksjon med Plattendekke og samvirkekonstruksjon med sjølvbærande stålplater. Desse metodane representerer det beste innan innovasjon og effektivitet for byggebransjen.

Plattendekke

Solid, fleksibelt og enkelt etasjeskilje som blir produsert i anlegget vårt på Torpo. Eit unikt produkt med breitt bruksområde, og kvart element blir skreddarsydd til kvart enkelt prosjekt. Spar tid og krefter ved å benytte plattendekke i alt frå leilegheitskompleks og industribygg til einebustader og garasjar.

Dei mest unike fordelane med plattendekke er god lydisolering og sikker brannisolering.Produktet er glatt med ei fin underside som er klar for måling. Utsparingar ferdige frå fabrikk og hurtig montasje direkte på byggjeplass.

Plattenlettdekke

Plattenlettdekke er ein unik sandwichkonstruksjon som består av plattendekker i botnen, polybetong i kjerna, og ei topplate av plasstøypt betong. Denne løysinga isolerer effektivt og tilbyr lange spennvidder opp mot 10 meter, som gjer den egna for bruk både som etasjeskilje og på flate tak. Typiske dekketjukkleik er 250 mm, 300 mm, og 350 mm, og dekket tilfredsstiller brannkrav B60.

Polybetongdekke

Vår andre løysing, polybetongdekke, er ein samvirkekonstruksjon som bruker sjølvbærande stålplater kombinert med polybetong. Med tjukkleik på 300-350 mm og spennvidde på opptil 6 meter, er denne løysinga også egna for bruk som etasjeskilje og på flate tak, og den tilfredsstiller brannkrav B60.

Skreddersydde element

Me lagar skreddarsydde element på førespurnad! T.d. feristfundament, plater til trafostasjonar, fundamenter, søyler/dragarar, vegger til enkle konstruksjonar og etc.

Fordelar med våre løysingar

Våre dekkekonstruksjonar har store fordelar, som lange spennvidder for større designfleksibilitet, utmerka isolasjon for energieffektivitet, og oppfylling av strenge brannkrav for økt sikkerheit.

Utforsk dine moglegheiter

Enten du planlegg eit nytt byggeprosjekt eller ser etter løysingar for eit eksisterande, kan våre innovative dekkekonstruksjonar tilby den styrken, isolasjonen, og fleksibiliteten du treng.

Kontakt oss for meir informasjon

Ta kontakt med Hallingdal Betong AS i dag for å diskutere korleis våre løysingar for elementproduksjon kan integrerast i ditt neste byggeprosjekt.

Kontakt oss