
Polybetong
Polybetong er ei nyvinning i vårt varesortiment. Me har no fått klarlagt materialeigenskapane til produktet gjennom ein serie forsøk og testar hjå Sintef Byggforsk. Me meiner dette er eit produkt som kjem til å bli revolusjonerande i byggebransjen.
Produktet er ein ferdigbetong som består av sement, vatn og isoporkuler, samt eit tilsetningstoff. Produktet har svært gode isolerande eigenskapar og god trykkfastheit. Produktet kan mellom anna nyttast til fylgjande:
- Kantforsterka plate i hus og hytter
- Isolering under golv på grunn
- Grøfteisolering
- Etterisolering av gamle stubbloft ved rehabiliteringsarbeid
Me har utvikla vidare bruken av polybetong til å gjelde frittberande dekkekonstruksjonar også. Me kan tilby to ulike dekkeløysingar med bruk av polybetong Det eine er eit sandwichdekke som består av plattendekker i botnen, polybetong i kjerna og ei topplate av plasstøypt betong. Dekket vil både isolere og gje lange spennvidder (Opp mot 10m). I tillegg er det mogeleg å legge tekniske føringar skjult i dekket. Dekketjukkelsar som er typiske er frå 250mm, 300mm og 350mm. Nedanfor ser de ei prinsippskisse av løysinga.
Den andre dekkeløysinga er ein samvirkekonstruksjon av sjølvberande stålplater og polybetong. Denne løysinga har tjukkelse på 300-350mm og kan ha spennvidder opp til 6,0m. Nedanfor ser de ei prinsippskisse av løysinga.
Begge dekkeløysingane er eigna som etasjeskiller og flate tak. Begge løysingane tilfredsstiller brannkrav B60.
Brosjyre på polybetong finn de her:
|
|
|
|
|



