
Blandestasjonar
Hallingdal Betong har 4 blandestasjonar i Hallingdal. Dei er på Torpo, Geilo, Nesbyen og Hemsedal.
Blandestasjonen på Torpo er den største og er hovudblandestasjon. Ut fra denne blandestasjonen vert det køyrt ut ca. 12-14 tusen m³ ferdigbetong kvart år.
Denne blandestasjonen har også eige laboratorium som tek hand om kontroll av betongen. Her blir det utført støyping av terningar, trykkprøving, sikteprøver, fuktmålingar, måling av luftinnhald i betong og varmeutvikling i betong. Dette oppfyller alle krav til ferdigbetongproduksjon.

Blandestasjonane på Nesbyen, Geilo og Hemsedal vert helde ope i sumarhalvåret frå April-Oktober. Frå desse blandestasjonane vert det køyrt ut ca. 4-6 tusen m³ betong kvart år.


