...

Om Hallingdal Betong

Hallingdal Betong AS såg dagens lys i 1993. Me held til på Torpo Næringssenter i Ål. Her har me hovudkontor og blandestasjon. Me har og tre blandestasjonar til som er fordelt på Nesbyen, Hemsedal og Geilo.

Me er i dag 10 fast tilsette, men er totalt 11 i hovedsessongen Mai-November, samt 3 sjåførar til fordelt på blandestasjonane i Nesbyen, Hemsedal og Geilo. Hallingdal Betong AS leverer ferdigbetong i alle variantar. Me utfører også elementproduksjon på bestilling som støttemurar og brudekker. Me lagerfører og sel armering, armeringstilbehør og diverse Resconprodukt. I tillegg leverer me Isomur Ringmur-/Grunnmursystem, Polybetong og Plattenlettdekker.

Hallingdal Betong er ei bedrift som ynskjer å utvikle seg vidare og arbeider difor med nye produkt innan betong og forskaling som me håpar kan tilføre bransjen nye, forenkla og prisgunstige løysingar/metoder å byggje på.
 

Hallingdal Betong AS har som hovudmålsetting:

  • Fornøgde kundar
  • Levere riktig kvalitet til riktig tid
  • Vere fleksible
  • Ha ein sikker og god arbeidsplass
  • God lønnsomheit
  • Ha tidsmessig og godt vedlikehalde utstyr

Bakgrunn.jpg

...
Hallingdal Betong as

Torpo Næringssenter
3579 Torpo

Tel: 32 08 30 09
Fax: 32 08 30 13
Mob: 99 57 40 02